Hytter Ullensvang fjellstyre

Hyttene til Ullensvang fjellstyre blir leigd ut i sommarhalvåret (1. juli til 31. oktober). 

Fristen for å søka om hytteleige i sommar var 2. mai. Dei som har søkt blir kontakt.

NB! Skjema for hytteleige i reinsjakta kjem seinare på året.

Innanbygdsbuande har fyrsterett til hyttene, men utanbygdsbuande får tilbod om hytte når det er ledig.

Etter tildeling basert på søknadane blir det som er ledig i sommar mogleg å booke direkte via link frå undersida til kvar enkelt hytte.

Ullensvang fjellstyre har fleire hytter i Ullensvang statsallmenning som er sett opp til bruk for jegerar og fiskarar. Hyttene blir leigd ut i perioden 15. juni - 31. oktober.

Trykk på kartet til høgre for å sjå kor hyttene ligg


Avbestilling:
Dersom det kjem noko i vegen slik at du ikkje kan nytta deg av leiga, har fjellstyret fyljande avbestillingsordning:
  • Ved avbestilling inntil 30 dagar før opphaldet blir 90% av summen refundert
  • Ved avbestilling inntil 21 dagar før opphaldet startar blir 50 % av summen refundert
  • Ved avbestilling 20 dagar eller mindre før opphaldet blir det ikkje gitt refusjon
Ta kontakt med fjellstyret på e-post ullensvang@fjellstyrene.no ved avbestilling.


Har du spørsmål om utleige av hyttene er det berre å ta kontakt med sekretær Steinar Lund på tlf. 482 70 778 eller e-post ullensvang@fjellstyrene.no.