Øvre Numedal Statsallmenning

Øvre Numedal Statsallmenning er på 411 kvadratkilometer. Dette ligg i all hovudsak innanfor Hardangervidda nasjonalpark. I Nore og Uvdal er det gjort funn heilt tilbake til 5500f.Kr. som dokumenterar bu- og rasteplassar. Det er ved Heintjønn 3-4 km nord-vest for Heinseter. Men også andre stader i allmenningen finnast funn som viser store buområde, f.eks. ved Langesjøen og ved Bjornesfjorden (v/Lågaros). Ved Finsevatn er det spor etter dei eldste buplasser i Noreg, ca. 7600 år gamle.

Slik kjem du til oss

Aktuelle innfartsvegar er RV 7 opp Hallingdal via Geilo og så vestover. Lett innfart fra Halne med rutebåt på Halnefjorden.Til Tinnhølen (tar av ved Tråastølen v/Dyranut)med bil, parkering på Tronsbu. Fra Geilo kan du også ta sørover til Dagali og kjøre inn Seterdalen. RV 40 opp Numedal gir grei innfart. Da kan du ta videre inn til Solheimstulen eller via Dagali. Sørfra kjem du til Mår og kan ta rutebåt til Mårbu (båten går fra Synken og du kjører opp ved Tinn/Austbygd). Ein fin tur er å ta båten til  Mogen på Møsvatn.