Hytter/steinbuer - Ulvik Fjellstyre








Ulvik Fjellstyre eig og driftar 9 hytter og steinbuer i Ulvik Statsallmenning.
Fem av hyttene er låste, for tinging kontakt Stig Yngve Røkenes +47 48 09 57 10. Tre av steinbuene står opne og ei er låst.
 
Ei av hyttene, Finsebu, ligg berre nokre hundre meter frå Finse stasjon, har innlagt straum og heller høg standard. Til hytta høyrer naust med garn og båt i Finsevatn. 

Tre av hyttene på Osafjellet, Søre Grøndalshytta, Dyrahola og Ripsebu er og lagt ut for online booking på Inatur.no.

Ei steinbu ligg i Lengjedalen aust for Finse, dei andre steinbuene ligg i områda mellom Finse og Ulvik ( Osafjellet ). Alle er utstyrt med ved og gass.
 
Meir om dei ulike hyttene kan du lese her
Fjellstyre har bruka å sette opp ein lavvo ved Langavatnet som står til fri bruk for fiskarar, jegerar og andre brukarar av fjellet i sommarsesongen. Det er mogleg å nytte båt på Langavatnet så ein kan ta med seg ved. Det er gratis å disponere lavvoen, men om de ynskjer å betale nokre kroner for bruken kan de sette inn nokre kroner på konto: 3450 24 08072. Hugs å rydde opp att i og rundt lavvoen etter bruk!