Langavassbu

Ullensvang fjellstyre sine hytter blir leigd ut i sommarhalvåret (1. juli til 31. oktober). 

Langavassbu ligg ved Langavatnet. Kartlenke.

Det er to deler i hytta, med fire sengeplassar i kvar. Det er dyner i hytta (tynne dyner i del 2).
400,- per døgn per avdeling, dobbel pris for utanbygdsbuande.
Hytta er utstyrt med vedomn og kokeapparat.

Det er naust eit stykke mot Langavatnet, med båt og fryseboks som kan brukast av dei som leiger hytta. 


NB! Når du har betalt for leiga får du tilsendt ein e-post som kvittering. Koden til nøkkelboksen står i kvitteringa. Sjekk spamfilteret viss du ikkje finn den e-posten!