Ullensvang statsallmenning ligg på vestre deler av Hardangervidda. Det meste av arealet ligg i Hardangervidda nasjonalpark. Dei mest vanlege innfartsårene er Valldalen og Haukeliseter i sør (frå E134), og Tinnhølen i nord (frå Rv. 7).

Kartbladet "Hardangervidda Vest" i M1:100 000 viser det meste av området med vegar og turstiar.

Fjellstyret har båtar liggjande ved ein del vatn som kan brukast av alle:
Store Vallgardsvatnet
Ambjørgsvatnet
Midtra Grøndalsvatnet
Litlosvatnet
Tuevatna
Vetla Uravatnet
Svervetjødn

Garn til tynningsfiske:
I båtane som ligg ved Tuevatna, Vetla Uravatnet og Svervetjødn ligg det finmaska garn som kan brukast av dei som har kjøpt garnfiskekort. Desse vatna har potensiale til svært fin fisk, men er for tida noko "overbefolka". Hjelp til med tynningsfiske - så vert det fin fisk i vatna!








Fangstrapportering!
Alle som fiskar på Ullensvang statsallmenning skal rapportere fangsten. Fangstrapportane blir brukt til å lage statistikk for kvart vatn, som blir lagt til grunn for eventuelle endringar i fiskereglar og andre tiltak for å betre kvaliteten på fisken i vatna. 
  • Fiskekort kjøpt via Inatur skal rapporterast via Inatur. Når du er innlogga i Inatur finn du Fangstrapportering på menyen oppe til høgre.

Garnfiskekort (fiskekort for innanbygdsbuande)

Garnfiskekort for innanbygdsbuande i områda som låg i Ullensvang herad utanom Storås og Lilleås, Odda kommune utanom Røldal, og bygdene Kvanndal og Lussand kan du kjøpe på Inatur


Garnfiskekort for utanbygdsbuande 
Det er vedteke å selja 20 stk. vekeskort for garnfiske for nokre av vatna i statsallmenningen som kan kjøpast av utanbygdsbuande. Desse kjøper du på Inatur.


Garnfiskekort Eidfjord statsallmenning sør for midtlina i Nordmannslågen
Innanbygdsbuande i tidlegare Ullensvang herad kan  kjøpe garnkort på Eidford statsallmenning sør for midtlina i Nordmannslågen. Dette kortet får du kjøpt på kommunehuset i Eidfjord.