Kontaktinformasjon til Ullensvang Statsallmenning

Sekretær for Ullensvang fjellstyre, Odda fjellstyre og Fellesstyret for Ullensvang statsallmenning har kontor på heradshuset i Kinsarvik. Det varierer gjennom året kor mykje sekretæren er på kontoret, og kor mykje han er ute i felt, så det kan vera lurt å ringa på førehand dersom du vil avtala eit møte.


Slik kjem du hit

Du må vera glad i lange turar for å besøke oss, for det tek deg 6- 7 timar å gå frå bilen til du er inne i Ullensvang statsallmenning. Allmenningen ligg midt inne på Hardangervidda. Dette gjeld sama kva rute du vel. Det er 2 hovudruter inn i Ullensvang statsallmenning: Alt: 1: Du kan ta RV 7 over Hardangervidda til Tråastølen, (Eidfjord statsallmenning),  køyr Tinnhølvegen (bomveg) til parkeringsplass ved Tinnhylen. Derfrå ta beina fatt på turstien innover mot Sandhaug og vidare i retning t.d. Litlos. Du bør hugsa å kjøpa fiskekort på Eidfjord statsallmenning og, då du går forbi mange fine elvar og fiskevatn før du kjem inn i Ullensvang.  Alt: 2: Køyr E-134 til Røldal, ta av innover Valldalsvegen 14 km til parkering. Så er det beina fatt opp Vivassdalenl, gå turvegen i retning Litlos. Her går du over Røldal statsallmenning før du kjem inn i Ullensvang statsallmennig. Eit tredje alternativ er  å gå frå Haukelisæter (på E-134 over Haukelifjell) innover mot/over Røldal statsallmenning og vidare til Ullensvang statsallmenning. Dette alternativet er kanskje det lengste og tyngste, men ein flott tur. Kartbladet "Hardangervidda Vest" i M1:100 000 viser det meste av området med vegar og turstiar. Nærare informasjon også hjå dei einskilde fjellstyra.

Oversiktskart Ullensvang SA, Ullensvang herad

Oversiktskart Ullensvang SA, Odda kommune


Kontaktinformasjon Fjellstyrekontoret

APostadresse
Sandvikevegen 11
5780 Kinsarvik


Steinar Lund
Fjelloppsyn/sekretær

Telefon: (+47) 482 70 778
epost: ullensvang@fjellstyrene.no

Kontaktinformasjon Fjellstyret

Leiar Ullensvang
Steinar Langeseter
Epost: steinar@langesaeter.no
Telefon: (+47) 901 72 227

Leiar Odda
Eivind Tokheim
Epost: eivind.tokheim@haugnett.no
Telefon: (+47) 936 36 502
Fjellstyremedlemer 2015-2019: