Velkommen på jakt hos Røldal statsalmenning
I Røldal statsallmenning får du jaktopplevingar i høgfjellet. Her kan du følgja rjupa over vidda, jakte smårovvilt eller søkja lykka i den tradisjonsrike villreinjakta.
Småviltjakt
I Røldal statsallmenning ventar fjelljakt i ope og variert terreng. Me gjer merksam på me ikkje tillet bruk av hund, og me ber alle setje seg inn i jaktreglande før dei kjøper felliingsløyver. Løyvene kjøpar ein på Inatur.no
Fjellstyret ønskjer å løfta fram nye jegerar og tilbyr difor eit gratis dagskort til alle som har avlagt jegerprøven innevarande år.
Smårovvilt kan òg jaktast i området utanom rjupejaktsesongen. Småviltjaktkorta vert lagt ut for sal ein forhåndsannonsert dato kvar år. Den aktuelle datoen vert annonsert på heimesida, og i andre relevante kanalar.
Jaktreglar småviltjakt - Røldal Statsallmenning
Det opnast opp for rjupejakt/småviltjakt f.o.m. 1. oktober t.o.m. 28. februar innan for Røldal Statsallmenning, samt den delen av Breifonn Statsallmenning som ligg innanfor Vestland fylke. Jaktkorta vert lagt ut for sal på Inatur 01.06 kl. 09:00.
Jakt med hund er ikkje tillate, dette gjeld og hund i band.
Det opnast ikkje opp for jakt på hare. Småviltjaktkortet omfattar elles dei artane som er lovlege etter dei til ei kvar tid gjeldane forskrifter gitt av Miljødirektoratet. Fjellstyret oppfordrar til beskatning av smårovvilt under jakta.
Det kan skytast 2 rjuper per dag per jeger. Det er ikkje høve til å samle opp frå dag til dag.
Jegerar mellom 16 - 20 år kan kjøpe dagskort med ungdomsrabatt.
Jeger under 16 år (opplæringsjakt), jakter gratis med veiledar. Opplæringsjeger vil, etter avtale med fjellstyre, få ein kvote på 1 rjupa per dag. Veiledar må ha løyst ordinært jaktkort.
Fjellstyret tilbyr smårovviltkort. Jaktkortet er gyldig f.o.m. 1. mars t.o.m. 30. september.
Det opnast for jakt på Kanadagås i jakttida for denne. Ein kan jakte Kanadagås både på smårovviltkortet og småviltkortet.
Fellefangst av villmink er vederlagsfritt etter avtale med fjellstyret. Leiar får fullmakt.
Det er obligatorisk å rapportere felt vilt. Rapport skal sendast inn seinast 10 dagar etter endt jakt.
Brot på reglane vert straffa etter fjellova, og kan føre til tap av rett til å løyse jaktkort i statsallmenninga.
Only citizens of Norway can perform hunting in Røldal statsallmenning. Hunting license bought by anyone else will not be valid, and will not be refunded.
Reinsjakt utanbygds
Villreinjakta er regulera etter § 23 og 24 i Fjellova. Fjellstyret vurderar kvart år om det vert gjeve tilbod til utanbygds jegerar. Informasjon om dette kjem på desse sidene saman med informasjon om korleis du skal søkje på kort som utanbygds jeger.
Informasjon om reinsdyrjakta 2026:
Røldal FS kjem mest sannsynleg til å leggje ut eit avgrensa tal på fellingsløyve til utabygdsjegerar i 2026. Endeleg avgjersle vert tatt når fellingskvotane er bestemt.
Røldal Fjellstyre opnar likevel allereie no for søknadar på fellingsløyver, slik at ein kan tildela eventuelle fellingsløyver ut frå ei trekningsliste i byrjinga av mai. Søknad skal i år sendast direkte på mail til fjellstyret: roldal@fjellstyrene.no innan 30. april.
Søknaden må innehalde namn, telefonnummer og adresse.
Verte ein tildelt fellingsløyve, må ein vise fram betalt jegeravgift, samt betale fellingsløyva innan ein kort frist. Ein får tilsendt eit tidsavgrensa tilbod på mail. Fjellstyret vil ikkje gje noko varsel utanom dette.
Røldal Fjellstyre gjer merksam på at ein ved å søkje på jakt hjå eit fjellstyre godtar at namn, adresse, postnummer, poststed og tildelt tilbud kan bli offentliggjort.
Ved å søke på jakt plikter du å sette deg inn i bestemmelsar for søknad, trekning og utøvelse hjå Røldal Fjellstyre.