Naustet - Nedsta Krokavatnet

Ullensvang fjellstyre sine hytter blir leigd ut i sommarhalvåret (1. juli til 31. oktober). 

Hytta er utstyr med ved, gasskomfyr og anna naudsynt kjøkenutstyr. Ta med sovepose.
Hytta har fire sengeplassar. Det er ikkje høve til å bu i naustdelen.
400,- per døgn, dobbel pris for utanbygdsbuande.

Solcellepanel, ladepunkt 12 v (usb og "billadar"), dab-radio

Tilgang til båt i Nedsta Krokavatnet.

Garn til utlån
Fjellstyret har kjøpt inn sju garn som kan lånast av dei som brukar hytta – to småmaska og fem med maskestorleik 35-39 mm. Garna heng i naustdelen. Hugs garnfiskekort.

Fryseboks
Intensjonen med fryseboksen er å gi brukarane moglegheita til å fryse ned fangsten og ta med seg heim. Les gjennom brukarmanual som ligger på hytta FØR bruk. Fryseboksane er klargjort til bruk på gass. Skru av fryseboks og kople frå gass når ikkje i bruk, og når ein forlèt hytta ved leigeslutt. 

NB! Når du har betalt for leiga får du tilsendt ein e-post som kvittering. Koden til nøkkelboksen står på kvitteringa. Sjekk spamfilteret viss du ikkje finn den e-posten!

Kartlenke

Kartreferanse UTM-sone 32:
6661134
411154