Eidfjord Statsallmenning

Eidfjord statsallmenning vert forvalta av Eidfjord Fjellstyre og er på ca 550 000 daa. Allmenningen er i Eidfjord kommune i Hordaland og strekkjer seg frå området ved Normannslågen i sør via RV7 og opp mot Hardangerjøkulen. Eidfjord SA er såleis svært variert frå det karakteristiske flate viddelandskapet som Hardangervidda er kjend for opp til brearmane som strekkjer seg ut frå Hardangerjøkulen.

Slik kjem du til oss

Rv 7 over Hardangervidda er det enklaste utgangspunktet for å ta seg inn i Eidfjord statsallmenning. Dette gjeld både nord og sørsida av vegen.Tek du Tinnhølvegen frå Tråastølen inn til Tinnhølen, har du eit fint utgangspunkt for fine fisketurar. På 3 -4 timar kjem du inn til områda ikring Nordmannslågen, sombyr på mange fine fiskestader.