Øvre Numedal Statsallmenning
Øvre Numedal Statsallmenning er på 411 kvadratkilometer og ligg i Nore og Uvdal kommune i Buskerud. Dette ligg i all hovudsak innanfor Hardangervidda nasjonalpark. I Nore og Uvdal er det gjort funn heilt tilbake til 5500f.Kr. som dokumenterar bu- og rasteplassar. Det er ved Heintjønn 3-4 km nord-vest for Heinseter. Men også andre stader i allmenningen finnast funn som viser store buområde, f.eks. ved Langesjøen og ved Bjornesfjorden (v/Lågaros). Ved Finsevatn er det spor etter dei eldste buplasser i Noreg, ca. 7600 år gamle.