Røldal statsallmenning

Røldal statsallmenning (330 000 daa) strekkjer seg over eit stort område sørvest på Hardangervidda. Terrenget ligg delvis innanfor nasjonalparken. Sandfloegga, med sine 1721 meter, er det høgaste punktet på vidda og ligg sentralt i allmenningen.Fjellstyret i Røldal forvaltar og fire stølar som ligg på Haukelifjell, tre av dei finn ein attmed "gamlevegen" der det er full drift sommarsdagen. Geitene gjev mjølk som vert kokt inn til ost, og av kyramjølka vert det laga rjome og gammalost.
Fjellnaturen rundt bygda har mange små og store perler. Dei kan vitjast og nytast, men gjer det utan å setja att spor.
Hjelp oss å ta vare på det me har fått å forvalta.

Velkomen til Røldal!



Jakt

Fiske

Hytter


Møtebøker, årsrapportar og kunngjeringar

Kontaktinformasjon