Raudåna

Ullensvang fjellstyre sine hytter blir leigd ut i sommarhalvåret (1. juli til 31. oktober). 

Info om utleige 2024 kjem på hovudsida for hyttene til Ullensvang fjellstyre utpå våren.

Hytta er utstyrt med ved, kokeapparat og naudsynt kjøkenutstyr. Ta med sovepose.

Hytta blei bygd om i 2017, og har to like deler ("Raudåna - avdeling 1" og "Raudåna - avdeling 2") med fire sengeplassar i kvar.

Solcellepanel, ladepunkt 12 v (usb og "billadar")

Tilgang til båt i Kvennsjøen

Garn til utlån
Fjellstyret har kjøpt inn sju garn som kan lånast av dei som brukar hytta – to småmaska og fem med maskestorleik 35-39 mm. Garna heng i naustdelen. Hugs garnfiskekort.

Fryseboks
Intensjonen med fryseboksen er å gi brukarane moglegheita til å fryse ned fangsten og ta med seg heim. Denne må deles mellom romma på hytta. Les gjennom brukarmanual som ligger på hytta FØR bruk. Fryseboksane er klargjort til bruk på gass. Skru av fryseboks og kople frå gass når ikkje i bruk, og når ein forlèt hytta ved leigeslutt. 

Påhengsmotor
Det er ein 4 hk Suzuki påhengsmotor i uthuset. Motoren blir leigd ut for 75,- pr døgn, eller 500,- for ei veke. NB! Motor kan berre brukast til garnfiske i eit omfang på minimum 50 garndøger og i samband med villreinjakt. Dersom fleire av leigetakarane på Raudåna leiger motoren må bruken avtalast dei imellom. Motoren er plassert i uthuset, og det er montert kodelås. Ved leigeslutt plasser motor tilbake og sett på igjen kodelås. Leig motor for perioden du leiger hytta på denne sida på Inatur. Koden står på kvitteringa når du har gjennomført kjøpet.

100,- per seng/døgn, dobbel pris for utanbygdsbuande.

NB! Når du har betalt for leiga får du tilsendt ein e-post som kvittering. Koden til nøkkelboksen står på kvitteringa. Sjekk spamfilteret viss du ikkje finn den e-posten!

Kartlenke

Kartreferanse UTM-sone 32: 6659170 399693