Fjellstyrehyttene (Ninive, Gamlabua og Eriksbu) vil IKKJE vere opne som normalt i sommar, og det vil ikkje vere anledning til å nytte desse utan tillating. Dette skuldast koronasituasjonen, og dei smittevernskrava som gjeld. Fjellstyret nyttar dette høvet til å endre kode på alle nøkkelboksane.
Fjellstyret ynskjer likevel at dei som ynskjer seg ein skikkeleg ferie, skal få moglegheit til dette.
Dette lar seg gjere om hyttene vert leigd ut eksklusivt, etterfølgd av ein tre-dagars karanteneperiode. Korleis me løyser dette i jakta, tek me stilling til i byrjinga av august.
For å organisere utleige, må Fjellstyret difor ha ein oversikt over kven som ynskjer seg til fjells i sommar. Dette løyser me ved at dei som ynskjer det, sender ein «søknad» med aktuell periode og aktuell hytte (siste dag 15. august). Søknaden må innehalde telefonnummer og mailadresse, og vert levert på mail (alternativt i postkassen). Det vil vera mogleg å kontakte Tor Helge i løpet av sommaren for å høyre om det er ledig plass. Søknadsfrist for leige av hytter vert 15. juni.
NB: Om fleire ynskjer same perioden, vert det trekning. Det er difor mogleg å setje opp fleire alternative periodar og hytter. Minimumspris vert 250,- per natt, elles prisar som vanleg (prisar vart vedtatt 30. mars). Fjellstyret har garn, redningsvestar og båt til låns på alle hyttene!