Fiske i Rauland statsallmenning
Drøymer du om å haure langs stille vatn på høgfjellet? I Rauland ventar mange fiskerike vatn og elvar – med aure som dominerer fangststatistikken. Fiskekort kan kjøpast på Inatur, og som innanbygdsbuande (med gyldig overnatting) får du høve til garnfiske med opp til fem garn. Fangstane skal rapporterast – slik bidreg du til å halda bestandane sunne og villmarka frisk.
Gode fiskevatn i Rauland Statsallmenning
I Hokkebrotvatnet er det god bestand av fin fisk, med eit snitt på rundt 500 gram – og det er ikkje uvanleg å få fisk som veg over 1 kilo. Her er sluk, spinnar og mark dei mest brukte reiskapane.
I Kolsnutgryslene ligg snittvekta gjerne mellom 1 og 2 kilo, og fangstane kan vera imponerande. Her fungerer sluk og spinnar godt, og ved vakande fisk er fluge eit sikkert val.
Garnfiske for innanbygdsbuande
Har du allmenningsrett, dvs er busett i gamle Rauland kommune, kan du fiske med garn. Vilkåra er at du betaler for overnatting på ein av hyttene. Då kan du fiske med fem garn i alle vatn. Det vert oppmoda om å nytte varierande maskevidder.