Reinsjakt innanbygdsbuande 2025
Tildeling av reinsjakt på statsallmenning er regulert etter § 23 og 24 i Fjellova. Søknad om reinsjakt skal sendast via Inatur.
Søknadsfrist for reinsjakt var 2. mai.
Høyring fredningssonene i Ullensvang statsallmenning:
Det er i dag etablert to fredningssoner i Ullensvang statsallmenning i samband med
villreinjakt på Hardangervidda – ei i nord rundt Hansbu og ei i sør ved Bjørnavassdraget.
Sonene vart fyrst oppretta i 2013, og har hatt ulik utforming opp gjennom åra. Føremålet med
desse sonene har vore å støtte opp under trekkmønsteret til villreinen, særleg for å legge til
rette for vestleg trekk og redusere menneskeleg forstyrring i sentrale område for reinen under
jakta, som ved vassdraga Kvenna og Bjønna.
Mykje har endra seg rundt reinsjakta på Hardagnervidda dei siste åra, som jegerkonsentrasjonar, jakt-trykk og størrelsen på stamma.
Ullensvang fjellstyre ynskjer å sjå på fredningssonene i lys av dagens situasjon, og ha ei adaptiv forvaltning. Det er ynskje om å prøve ei justering av dagens soner, og etterkvart ta ei evaluering på korleis dette fungerer. Fjellstyre hadde oppe endring av fredningssonene i sak 15/25 på fjellstyremøte 27. mai og vedtok å legge ut forslag til justering av fredningssonene i Nord og Sør på høyring med 3 vekers høyringsfrist. Dette blir pubilisert 19.06.2025 og høyringsfristen er sett til 10.07.2025.
Høyringsinnspel sendes til: ullensvang@fjellstyrene.no
Forslag til endring av fredningssonene:
Sona i Nord:
Klikk her for å sjå kart over forslag til endring av fredningssona i Nord
Kommentar til kartet:
Fellingsstatistikken visar at det er felt lite dyr rundt Hansbu dei siste åra.
Jegerkonsentrasjonen på Hansbu har endra seg, og er i dag mindre enn det
var. Det er foreslått å stoppe fredningssona ved sør/aust enden av Valgardsvatnet. Dette er fordi store deler av fredningssona vidare vestover i dag går gjennom vatn.
Ved Hansbu er det foreslått å legge grensa til fredningssona nede i Langedalen, då det er opplevd utfordringar knytt til terrenget der grensa går i dag.
Sona i Sør:
Klikk her for å sjå kart over forslag til endring av fredningssona i Sør
Kommentar til kartet:
Det er ikkje dokumentert særleg stor effekt av dagens fredningssone i dette område med tanke på trekk vestover. Det er i størst grad sør/sør austlig trekk som har gått gjennom sona. Store område er freda når reinen kjem forbi på returen. Forslaget som nå er lagt fram dekker framleis eventuellt trekk over elveosen.