Fiskereglar Ullensvang statsallmenning

Gjeldande frå 22.6.2022

Kjøpte kort blir ikkje refundert, jf. angrerettloven § 22 m).

 

Generelle fiskereglar

1. Alle som er fylt 16 år må løysa fiskekort. For grensevatna Holmavatnet, Tangasjøen og Vetla Uravatnet gjeld fiskekortet for heile vatna. For dei andre grensevatna gjeld fiskekortet berre på den delen av vatnet som ligg på Ullensvang statsallmenning.
2. Personar som ikkje har fylt 16 år kan fiska med stong og handsnøre utan å løyse fiskekort.
3. Alt fiske er tillate heile året.
4. Kvar fiskar kan nytta inntil to fiskestenger/to handsnøre om gongen.
5. Fiske med line og ståkrok er forbode.
6. Det er forbode å nytta levande fisk som agn.
7. Det er forbode å flytta fisk frå eit vatn til eit anna.
8. Det er forbode å setja ut fisk utan særskilt løyve frå fjellstyret.
9. Fiske med oter og garn er berre tillate for innanbygdsbuande i områda som låg i Ullensvang herad utanom Storås og Lilleås, Odda kommune utanom Røldal, og bygdene Kvanndal og Lussand, mot løysing av garnfiskekort. Sjå unntak for garnkort for utanbygdsbuande (punkt 19-22).
10. Fiskaren skal ha fiskekort med seg under fisket, og når han oppheld seg på eller ferdast til eller frå fiskeplassane med fiskereiskap. Fiskaren er pliktig til å vise fram fiskekortet når dette vert kravt av fiskeoppsynet, politiet eller nokon frå fjellstyret.
11. Brot på desse fiskereglane er straffbart.

Garnfiskereglar

12. Fiske med garn er tillate for innanbygdsbuande i områda som låg i Ullensvang herad utanom Storås og Lilleås, Odda kommune utanom Røldal, og bygdene Kvanndal og Lussand, mot løysing av garnfiskekort. Garnfiskekortet gjeld også for fiske med stong, handsnøre og oter i tilsvarande tidsrom.

13. Det er ikkje lovleg å setja garn nærare innfalls- og utfallsos enn 50 meter. Garn må heller ikkje nyttast i elvar, bekkar eller loner (tjørnliknande utvidingar av vassdrag).

14. Garna skal vera tydeleg merkte med eigaren sitt namn og adresse. Merka skal vera lett synlege.

15. For Holmavatnet og Tangasjøen gjeld fyljande:

-          Maks tal garn pr. fiskar er 5 stk.

-          Garna skal ha maskevidde større eller lik 39 mm (16 omfar) mellom knutane når garnet er vått.

16. Maks tal garn pr. fiskar er 10 stk. Det kan i tillegg nyttast inntil fem garn med maskevidde inntil 26 mm  (sjå unntak for Holmavatnet og Tangasjøen i punkt 15).

17. I fylgjande vatn er det ikkje tillate med større maskevidde enn 39 mm (16 omfar): Litlosvatnet, Kvennsjøen, Øvsta Krokavatnet, Midtra Krokavatnet, Nedsta Krokavatnet, Jakobsbuvatnet, Nedsta Bjørnavatnet, Øvsta Bjørnavatnet, Tuevotni, Kollsvatnet, Vassdalsvatni (ved Vetlekoll), Krokavatnet (i Sledalen), Skadvatn, Ambjørgsvatnet og Grøndalsvotni.

18. I vatn som ikkje er nemnt i punkt 15 eller 17 er det fri maskevidde.

 

Vekeskort garnfiske for utanbygdsbuande

19. Fjellstyret kan tilby eit avgrensa tal vekeskort for garnfiske for utanbygdsbuande som kan nyttast i fyljande vatn: Nedsta Krokavatnet, Midtra Krokavatnet, Øvsta Krokavatnet, Jakobsbuvatnet, Nedsta Bjørnavatnet, Øvsta Bjørnavatnet, Sigridskarvatnet, Tuevotni, Kvennsjøen, Litlosvatnet, Kollsvatnet, Skadvatn, Ambjørgsvatnet, Krokavatnet (i Sledalen), Nedsta Vassdalsvatnet og Grøndalsvotni.

20. Dei til ei kvar tid gjeldande fiskereglar for fiske med garn gjeld – sjå garnfiskereglar for Ullensvang statsallmenning.

21. Garnkortet gjeld også for fiske med stong og handsnøre (i alle vatn og elvar på Ullensvang statsallmenning) og oter (i vatna som er dekka av fiskekortet) i tilsvarande tidsrom.

22. Kvar enkelt person kan berre kjøpa fiskekort for ei veke per sesong.