Småviltjakt Ulvik Statsallmenning

Etter 5 år med freding ( 2013-2018 ) ser ein no at rypebestanden har teke seg opp att. Om det er fredinga som har gjort dette skal ikkje seiast, men det er no meir fugl å sjå i fjellet.
Mesteparten av arealet ligg høgt mellom 1100-1800 moh, og fjellrypa er dominerande. Ulvik fjellstyre held fram med småviltjakt hausten 2020. Fjellstyre har kome med framlegg om å dele inn statsallmenningen i 4 jaktfelt for å spreie jegerane ut over eit større område. Framlegg er ute på høyring i Ulvik herad. For utanbygdsjegerar vert det vert opna for 10 - 15 vekeskort kvar veke dei to fyste vekene i kvart jaktfelt, samt 4 sesongkort. Etter to veker vert det mogleg å kjøpe dagskort. Jakta vert regulert med fyljande kvotar:
Dagskvote:        2 ryper
Vekeskvote:       5 ryper
Sesongkvote:     8 ryper

Sjå elles meir informasjon på Inatur.no