Villreinjakt for utanbygdsbuande

Villreinjakta er regulert etter § 23 og 24 i Fjellova. Søknadsfrist for villreinkort er 2. mai. Fjellstyret legg opp til søknadar på Inatur.no. Søknadar utanom dette vert ikkje handsama.

Søknadsfrist var 2. mai 2024.

I 2024 er søknad og tildeling slik: Søknadsfrist var 2. mai. Trekkinga blei gjennomført 03. mai. Dei som fekk tildelt kort i fyrste trekkingsomgang, vart varsla på epost og sms. Dersom det er nokon som takker nei til tilbodet, vert det foreteke ny trekking frå ventelista. Ulvik fjellstyre har vedtak om å om tildele jaktkort til inntil 30 utanbygdsbuande jegerar på Osafjellet, Ulvik statsallmenning.