Informasjon om årets jakt:
Tildeling og trekningsliste for utanbygds 2020 er no klar og du
finn den her. Dersom nokon som er tildelt jakt ikkje tek ut fellingsløyve blir det tildelt vidare på reservelista til alle løyve er utdelt. Dei som har fått tilbod får ein kort frist til å akseptere/avvise tilbodet om jakt.
Dei som har fått tilbod og betalt for dette vil få tilsendt fellingsløyve, prøvesett og annan relevant informasjon i posten ila juli månad.
Alle jegerar med villreinkort i Hordaland har automatisk løyve til å lande med helikopter ved Nedre Hellevatnet og Store Uravatnet på Røldal SA. Du må sjølv bestille helikoptertransport frå godkjent flyselskap. Pr i dag er det tre aktørar som flyg i området: Airlift, Fonnafly og Fjellfly.
For å kome inn til Røldal SA til fots er det Valldalen og E 134 over Haukelifjell som er dei beste utgangspunkta.
Informasjon om parkering på Haukelifjell i sommar- og haust-Anleggsverksemd pågår i områdetInformasjon du bør ha med deg på jakt:
JaktlagsavtaleForskrift om telting i jaktaJ
egerinformasjon 2020Sanksjonar ved lovbrot på Statsallmenning