Reinsjakt innanbygds

Villreinjakta er regulera etter § 23 og 24 i Fjellova. På Rauland statsallmenning kan personar som siste år har vore og framleis er busett i gamle Rauland kommune søkje om reinsjakt. Det vert og opna for eit avgrensa sal til utanbygds med same søknadsfrist. Tildelinga av kort skjer etter trekking. Søknadsfrist for jaktkort er 5. mai 2023. Søknadar som kjem inn utanom Inatur.no vert ikkje handsama. Dersom du har problem med å søkje på denne måten må du ta kontakt med fjellstyrekontoret.


Trekking skjer i mai/juni

Jaktlagsavtale (dersom du skal lage jaktlagsavtale må denne godkjennast av fjellstyret. Du må fylle ut skjema og sende på epost til rauland@fjellstyrene.no innan 5. august)


Trekningsliste og info om utdeling av kort vil kome.

Jegerinformasjon 2022 innanbygds (kjem nytt for 2023)

Informasjon om skrantesjuke - obligatorisk prøvetaking

Overføring av kort frå andre vald - dokumentasjon

Kart over området

Det vil for 2023 bli jobba med å unngå telting rundt i terreng av jegerar og det kan difor kome tiltak og oppmodingar i samband med dette. 


Ynskjer du å vere med i dugnadsarbeidet så kan du sende ein epost til rauland@fjellstyrene.no og melde interesse.



Prisar på villreinkort



Innanbygds                       
                                                                                            
Kalv                                     600,-
Simle/Ungdyr                    1600,-
Fritt dyr/Vaksen bukk       2400,-

Utanbygds

Kalv                                     1200,-
Simle/Ungdyr                    3200,-
Fritt dyr/Vaksen bukk       4800,-