Reinsjakt innanbygds

Villreinjakta er regulera etter § 23 og 24 i Fjellova. Søknader om villreinjakt for innanbygdsbuande vil følge same mal som i fjor. Søkjarar er sjølv ansvarleg for å setje seg inn i kva reglar som gjeld. Fristar og annan informasjon vert lagt ut her.

Frist for å søkje kort som innanbygdsbuande er 28. april 2023. 
Aktuell informasjon om jakta 2023:

Fjellstyret tar imot søknader elektronisk på roldal@fjellstyrene.no

Dette gjeld søkjerar som føler dei passar inn i kategorien «innanbygdsjeger» eller «utflytt Røldøl». Alternativt kan søknaden gjerast skriftleg ved å fylle ut skjema og levere i postkassa. Søknad må vere levert innan 28. april. 

Per no ser det ut som at kvota vil vere på 3500 reine bukkakort. Pga dette har fjellstyret bestemt at ein kan velje å søkje om å ta ut anten 1 eller 2 fellingsløyver. Antalet dykk ynskjer må spesifiserast i søknaden. Ein kan også samtidig søkje, og verte tildelt frittkortdyr på syd. (Totalt to trekningslister: fellingsløyve nord og fellingsløyve frittdyr syd). Jeger er sjølv ansvarleg for å opplyse om kva trekningslister han søker på. Om dette er uklart i søknaden, avgjer fjellstyret for jegeren.

NB! Gjeld innanbygdsjegerar: Om du ynskjer å søkje om kort som fyrstegongsjeger (under 18 år), eller vil søkje om å få rabatt (student, eller under 20 år), MÅ du opplyse om dette på søknaden. 


Skjema for dokumentasjon av samjaktavtale