Alle Fjelloppsyn på Hardangervidda er tilsette i Fjellstyra på Harangervidda as. Oppsynsverksemda nyttar Hardangervidda Fjelloppsyn som dagleg namn.
Fjelloppsynet utfører ei rad oppgåver for fleire ulike oppdragsgjevarar. Arbeidsoppgåvene kan vere:
Kontrollverksemd
Fjelloppsynet handhevar miljøloverket i statsallmenningane på Hardangervidda. Dette gjeld mellom anna vernereglane for nasjonalparken, reglar for utøving av jakt og fiske og bruk av motoriserte framkomstmiddel.
Informasjon
Fjelloppsynet gir informasjon og rettleiing til ulike brukargrupper. Dette kan vera forslag til tur og løypeval, fiskeforhold, kulturminner, historikk og orientering om gjeldane regelverk.
Skjøtselsoppgåver
Fjelloppsynet utfører vedlikehald av fjellstyrehytter og transport av ved og utstyr til desse. Ein utfører også fiskeundersøkelsar og fiskeutsettingar samt generelt tilsyn og skjøtsel i nasjonalparken.
Naturfaglige registreringar
Fjelloppsynet bistår forsknings- og forvaltningsinstitusjonar med innsamling av data. Dette gjeld mellom anna villrein, fjellrev, fisk, vegetasjon, kulturminner og vatnkvalitet. Les meir under våre oppdragsgjevarar.
Sekretariat
Tilsette i fjelloppsynet er sekretærar for dei fjellstyra som ynskjer dette.