Organisering

Fjellstyra på Hardangervidda administrerar 6 statsalmenningar som omfattar til saman 1/3 av heile området og omlag 50 % av nasjonalparken.
Alle fjellstyra har gått saman i ein interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon som heiter Fjellstyra på Hardangervidda as. Det er her alle våre fjelloppsyn er tilsett.

Historikk

Fjellstyra på Hardangervidda as er eit resultat av ei samanslåing mellom den politiske samanslutninga Samarbeidsorganet for fjellstyra på Hardangervidda (SfH) og Hardangervidda Fjelloppsyn as.
Hardangervidda Fjelloppsyn as var ei verksemdsoverdraging frå det som tidlegare heitte Oppsynsutvalet for Hardangervidda. Fjellstyra på Harangervidda har hatt eigne tilsette oppsyn frå tidleg på 1970 talet.

Medlemer i Fjellstyra på Hardangervidda

I Fjellstyra på Hardangervidda er det dei 7 fjellstyra på Hardangervidda som er aksjonærar. Dette er: Ullensvang, Odda, Eidfjord, Ulvik, Øvre Numedal, Røldal og Rauland. I tillegg har Hardangervidda Grunneigarsamskipnad ein liten aksjepost.



Fjelloppsynet

Alle Fjelloppsyn på Hardangervidda er tilsette i Fjellstyra på Harangervidda as. Oppsynsverksemda nyttar Hardangervidda Fjelloppsyn som dagleg namn.
Fjelloppsynet utfører ei rad oppgåver for fleire ulike oppdragsgjevarar. Arbeidsoppgåvene kan vere:

Kontrollverksemd
Fjelloppsynet handhevar miljøloverket i statsallmenningane på Hardangervidda.  Dette gjeld mellom anna vernereglane for nasjonalparken, reglar for utøving av jakt og fiske og bruk av motoriserte framkomstmiddel.
Informasjon
Fjelloppsynet gir informasjon og rettleiing til ulike brukargrupper.  Dette kan vera forslag til tur og løypeval, fiskeforhold, kulturminner, historikk og orientering om gjeldane regelverk.
Skjøtselsoppgåver
Fjelloppsynet utfører vedlikehald av fjellstyrehytter og transport av ved og utstyr til desse.  Ein utfører også fiskeundersøkelsar og fiskeutsettingar samt generelt tilsyn og skjøtsel i nasjonalparken.
Naturfaglige registreringar
Fjelloppsynet bistår forsknings- og forvaltningsinstitusjonar med innsamling av data.   Dette gjeld mellom anna villrein, fjellrev, fisk, vegetasjon, kulturminner og vatnkvalitet. Les meir under våre oppdragsgjevarar.
Sekretariat
Tilsette i fjelloppsynet er sekretærar for dei fjellstyra som ynskjer dette.


Våre oppdragsgjevarar

Fjellstyra

Hardangervidda Grunneigarsamskipnad

Miljødirektoratet

NVE

Universitetet i Oslo

Universitetet i Bergen

Vinje kommune

NINA

NMBU