Hytter Ulvik Fjellstyre


Ulvik Fjellstyre eig og driftar 9 hytter og steinbuer i Ulvik Statsallmenning.
Dei fem fjellstyrehyttene er låste, for tinging kontakt Harald Normann Andersen 90 21 36 85 . Tre av steinbuene står opne og ei er låst.
 
Ei av hyttene, Finsebu, ligg berre nokre hundre meter frå Finse stasjon, har innlagt straum og heller høg standard. Til hytta høyrer naust med garn og båt i Finsevatn. For booking sjå Inatur.no

Ei steinbu ligg i Lengjedalen aust for Finse, dei andre hyttene ligg i områda mellom Finse og Ulvik ( Osafjellet ), alle er utstyrt med ved og gass.
 
Meire om dei ulike hyttene kan du lese her
Fjellstyre har sett opp ein lavvo med omn i innerenden på Langavatnet som står til fri bruk for fiskarar, jegerar og andre brukarar av fjellet. Det er mogleg å nytye båt på Langavatnet så ein kan ta med seg ved. Koordinatane for lavvoen er: 32V 0372505 6701573
Det er gratis å disponere lavvoen, men om de ynskjer å betale nokre kroner for bruken kan de sette inn nokre kroner på konto: 3450 24 08072