Holmavatnet

Steinbua er utstyrt med ved, kokeapparat og naudsynt kjøkenutstyr. Ta med sovepose. Enkel standard!

2 sengeplassar

220,- per døgn

Nøkkelen til hytta ligg i ein kodeboks ved inngangsdøra. Koden til boksen får du i kvitteringa når du har betalt for leiga.


Kartlenke

Kartreferanse UTM-sone 32:
6657843
393128

NB! Når du har betalt for leiga får du tilsendt to e-postar som kvittering. Lenke til dokumentet med koden til nøkkelboksen er i den eine e-posten. Sjekk spamfilteret viss du ikkje finn den e-posten!