Nedsta Krokavatnet - Naustet - Ny hytte i 2019!

Hytta erstattar det gamle naustet ved Nedsta Krokavatnet.

Hytta er utstyrt med ved, gasskomfyr og anna naudsynt kjøkenutstyr. Ta med sovepose.

Hytta har fire sengeplassar.

Solcellepanel, ladepunkt 12 v (usb og "billadar")

Tilgang til båt i Nedsta Krokavatnet.

130,- per seng/døgn

Nøkkelen til hytta ligg i ein kodeboks ved inngangsdøra. Koden til boksen får du i kvitteringa når du har betalt for leiga.

Kartlenke

Kartreferanse UTM-sone 32:
6661134
411154

NB! Når du har betalt for leiga får du tilsendt to e-postar som kvittering. Lenke til dokumentet med koden til nøkkelboksen er i den eine e-posten. Sjekk spamfilteret viss du ikkje finn den e-posten!