Hansbu - Ullsbu

Hytta er utstyrt med madrasser, ved, gasskomfyr og naudsynt kjøkenutstyr. Ta med sovepose.

Hytta har eit soverom med fire senger, og i tillegg to senger i gongen.  

Solcellepanel, ladepunkt 12 v (usb og "billadar")

Tilgang til båt i Nedsta Krokavatnet

130,- per seng/døgn

Nøkkelen til hytta ligg i ein kodeboks ved inngangsdøra. Koden til boksen får du i kvitteringa når du har betalt for leiga.


Kartlenke

Kartreferanse UTM-sone 32: 6661604 412353

NB! Når du har betalt for leiga får du tilsendt to e-postar som kvittering. Lenke til dokumentet med koden til nøkkelboksen er i den eine e-posten. Sjekk spamfilteret viss du ikkje finn den e-posten!