Fellesstyret for Ullensvang statsallmenning sine oppgåver

Ullensvang statsallmenning ligg i to kommunar. Ullensvang og Odda. Den vert derfor forvalta av to forskjellige fjellstyre. I tillegg er det eitt Fellesstyre for Ullensvang statsallmenning. Det er samansett av 3 medlemer frå Ullensvang fjellstyre og 3 medlemer frå Odda fjellstyre. Det er Fellesstyret som tek avgjerd i nesten alle saker som vedkjem statsallmenningen. Det gjeld slikt som byggjesaker, fastsetjing av reglar for jakt og fiske, m.m. Odda fjellstyre og Ullensvang fjellstyre administrerer kvar for seg sal av jaktkort på villrein og utleige av dei hyttene det einskilde fjellstyre disponerer. 

Odda fjellstyre, Ullensvang fjellstyre og Fellesstyret for Ullensvang statsallmenning har felles sekretær med kontorstad på heradshuset i Kinsarvik. Du når Steinar Lund på telefon 482 70 778 eller e-post ullensvang@fjellstyrene.no 

Post til Fellesstyret sender du til:
Fellesstyret for Ullensvang statsallmenning
Sandvikevegen 11
5780 Kinsarvik


 

Møtebøker

 

Førehandsvarsling om vedtak

Her kan du lese om planlagde saker til neste møte.

Årsmeldingar