Tidleg Jaktstart på Hardangervidda

Reinsjakta på Hardangervidda startar i år den 10 august, altså 10 dagar tidlegare enn normalt. Dette vil føre til at ein i år vil kunne ha større samanblanding med vanlege fotturistar enn normalt. Det største trykket på fotturismen på Hardangervidda er seiste halvdel av juli og fram til midten av august. Ein oppmodar derfor både villreinjegerar og fotturistar om å ta omsyn til kvarandre.