Her vil du finne finnarane av fjellstyregåvene på Hardangervidda

Etterkvart som finnarane av Fjellstyregåvene på Hardangervidda vert kjent vil dei bli presenterte her. Me gratulerer!!!

Rødbergdagene og fjellstyrenes 100-års gave

Fjellstyret hadde stand med utdeling av villreinkort og salg av fjellstyrets bok på Rødbergdagene lørdag 27.06.20. I den forbindelse ble en av våre to gaveesker i forbindelse med fjellstyrenes 100 års jubileum lagt ut. Stefan Olsson var den heldige som fant gaveesken og får dermed gratis fiske i Øvre Numedal Statsallmenning i 100 år. Gratulerer så mye! 

Fjellstyret hadde godt med besøk gjennom hele dagen og vi har fått gode tilbakemeldinger på opplegget. Hallingdølen var tilstede og saken kan leses her(krever innlogging)

Gåva er funne på Røldal Statsallmenning

Jacek Marek Wesolowski var fredag på tur over Haukelifjell og vart den heldige vinnar av gåva frå Røldal Fjellstyre. Han kan vente seg eit fiskekort i gåve som vil vare livet ut.
Den heldige vinnaren er glad for gåva og gledar seg til mange fine fisketurar.

Røldal fjellstyre gratulerar så mykje!

Heldig vinnar Eidfjord Statsallmennig

Teemu Ryymin var på tur i Hellehalsenområdet og bestemte seg for at han ville plukke litt søppel langs Langavatnet. Han fekk løn for strevet sidan han snubla over ei av fjellstyregåvene som vart lagt ut av Eidfjord Fjellstyre.
Teemu fortel til Hardanger Folkeblad at han er ein ivrig fiskar og brukar Eidfjord Statsallmenning mykje. Han gler seg no over å ha fått fiskekort som vil vare livet ut!

Fann fjellstyregåva på sin fyrste tur på Rauland SA

Kjetil Johnsen Eiken frå Eiken i Agder var på sin fyrste fisketur på Rauland SA då han vart den heldige finnar av fjellstyregåva på Rauland Statsallmenning. 
Han hadde allereie bestemt seg for at han ville tilbake til dette området på fleire fisketurar og no slepp han å tenke på å kjøpe fiskekort. 


Boksen på Ullensvang statsallmenning er funnen

Celine Solvi Rasmussen frå Skare fann boksen på Ullensvang statsallmenning. Boksen låg ved Øvsta Bjørnavatnet, mellom Persbu og Kortmark.