Info om reinsjakta på Ullensvang statsallmenning 2020 blir lagt ut her. Sida blir oppdatert etter kvart.

Jaktkorta er no trekt, og det er sendt ut betalingslink til alle innanbygdsbuande søkjarar via Inatur. Det blir gitt tilbod til utanbygdsbuande søkjarar i tråd med trekkingsresultatet under etterkvart som fjellstyret får oversikt over kor mykje kort som er tilgjengeleg.

Koronaviruset: Slik situasjonen er per i dag er det ingen ferdselrestriksjonar eller andre restriksjonar som ein konsekvens av pandemien som gjer at jakta ikkje kan gjennomførast.