Småviltjakt Ulvik Statsallmenning

Etter 5 år med freding ser ein no at rypebestanden har teke seg opp att. Om det er fredinga som har gjort dette skal ikkje seiast, men det er betydeleg meir fugl å sjå i fjellet.
Mesteparten av arealet ligg høgt mellom 1100-1800 moh, og fjellrypa er dominerande. Takseringar gjort andre stader på Hardangervidda tyder på markant oppgang, noko som oppsynet og andrebrukarar av fjellet ser. Ulvik fjellstyre vel difor å opne for rypejakt hausten 2018. Det vert opna for fritt kortsal, men jakta vert regulert med fyljande kvotar:
Dagskvote:       2 ryper
Vekeskvote:     5 ryper
Sesongkvote:   8 ryper

For meir info sjå Inatur.no

Usalsstader kort

Småviltkort er berre å få kjøpt på Inatur.no