Hytter Rauland Fjellstyre

Rauland Fjellstyre eig og driftar 3 hytter i Rauland Statsallmenning. Desse hyttene er sett opp til bruk for jegerar og fiskerar. Alle hyttene står opne og har ved og propan samt dekketøy. Andre forbruksartiklar som dopapir og stearinlys må brukarane ordne sjølve.

Det er ikkje mogleg å reservere hyttene. Dei står opne for alle etter prinsippet om at det "aldri blir fullt"! I jakta kan det i periodar bli fullt på hyttene, men dette går som regel bra. Du betalar kontant i kasse på hytta eller overfører i bank når du kjem heim. Prisar pr nått pr person: 50,- for innanbygds og 150,- for utanbygds. Under 16 år gratis.

Rauland statsallmenning når du lettast frå Songavatnet (Trolldalsdammen). Sommarstid køyrer du heilt til dammen og parkerar her. Det er flotte båtutsett tilgjengelege her. Det er avgift for å køyre på Songavegen, pt 40,- som må betalast kontant.
Vinterstid er det god parkeringsordning med kontant betaling ved Fv 362.
For å kome inn til våre hytter må du rekne ca 1,5 times gange til Saltpytt dersom du tek båt til Våjordsvollen. Til meinsvatn er det 3-4 timar avhengig av oppakning og form. Har du ikkje båt går det fint å gå frå Trolldalsdammen. Du må då rekne deg ein god time ekstra.
Vinterstid må du i tillegg rekne med å gå frå fylkesvegen til dammen.


 

Saltpytt
Hytta ligg på øvre del av Saltpyttflotti, er på 42 m2 og har 8 senger med madrasser. Det er solcelleanlegg, kjøkkenutstyr, propan og ved på hytta.
 32 V 426034 6638332
Kostveit
Hytta ligg i sørvestre delen av Kostveitvatn, er på 28 m2 og har 5 senger med madrasser. Det er kjøkkenutstyr, propan og ved på hytta.
 32 V 431209 6640052
Meinsvatn

Hytta ligg i sørenden på Store Meinsvatn, er på 35 m2 og har 8 senger med madrasser. Det er solcelleanlegg, kjøkkenutstyr, propan og ved på hytta. Hytta har eige oppsynsrom til bruk for Fjelloppsynet og deira samarbeidspartnarar.  32 V 429301 6643633
I tida 31 juli til 6 august vil hytta vere stengt for vedlikehaldsarbeid - ver venleg å bruk ein av dei andre hyttene