Høyring av forslag til fredingssoner på Ullensvang statsallmenning

Vedtaket om innføring av dei to fredingssonene på Ullensvang statsallmenning i reinsjakta som blei gjort i 2013 gjaldt til og med 2017. Fellesstyret for Ullensvang statsallmenning skal ta stilling til om ordninga med fredingssoner skal vidareførast, og om det eventuelt skal gjerast justeringar av sonene. Vedtaket vil bli gjort på møte i Fellesstyret i veke 12.

Fellesstyret for Ullensvang statsallmenning ynskjer no innspel frå jegerar og andre til saka om fredingssoner. Styret har utarbeida forslag til justert fredingssone i nord og sør. Kom gjerne med innspel knytt til desse forslaga, men me tek i mot alle innspel til saka.

Det blir også halde jegerkafé på Iris Scene i Odda torsdag 1. mars kl. 1830, der fredingssonene er tema.

Me ber om innspel på e-post til ullensvang@fjellstyrene.no eller i posten til Fellesstyret for Ullensvang statsallmenning, Sandvikevegen 11, 5780 Kinsarvik, innan måndag 5. mars.

 

Framlegg til fredingssone sør

Framlegg til fredingssone nord

Møtebok Fellesstyret for Ullensvang statsallmenning 5.2.2.2018