Ullensvang Statsallmenning - Odda fjellstyre

Ullensvang statsallmenning ligg i to kommunar. Ullensvang og Odda. Den vert derfor forvalta av to forskjellige fjellstyre. I tillegg er det eitt Fellesstyre for Ullensvang statsallmenning. Det er samansett av 3 medlemer frå Ullensvang fjellstyre og 3 medlemer frå Odda fjellstyre. Det er Fellesstyret som tek avgjerd i nesten alle saker som vedkjem statsallmenningen. Det gjeld slikt som byggjesaker, fastsetjing av reglar for jakt og fiske, m.m. Odda fjellstyre og Ullensvang fjellstyre administrerer kvar for seg sal av jaktkort på villrein og utleige av dei hyttene det einskilde fjellstyre disponerer. I andre saker gjev fjellstyra uttale/tilråding til sakene som vert handsama i Fellesstyret.