Fiske i Ullensvang statsallmenning

Ullensvang statsallmenning har «uendeleg» med vatn og elvar – aure finn du overalt!


Garnfiskekort
Garnfiskekort for innanbygdsbuande i Ullensvang og Odda (utanom Røldal) kan du kjøpe på Inatur, eller på fyljande utsalsstadar:
Joker Skarsmo
Sport 1 Odda
Spar Nå
Fellestenestene, heradshuset i Kinsarvik

Garnfiskekort for utanbygdsbuande 
Det er vedteke å selja inntil 20 stk. vekeskort for garnfiske for nokre av vatna i statsallmenningen som kan kjøpast av utanbygdsbuande. Desse kjøper du på Inatur.


Garnfiskekort Eidfjord statsallmenning sør for midtlina i Nordmannslågen
Innanbygdsbuande i Ullensvang herad kan  kjøpe garnkort på Eidford statsallmenning sør for midtlina i Nordmannslågen. Dette kortet får du kjøpt på kommunehuset i Eidfjord, eller på fjellstyrekontoret i Kinsarvik. Ta kontakt med fjellstyret på tlf. 482 70 778 eller e-post ullensvang@fjellstyrene.no for kjøp frå fjellstyrekontoret.

Ullensvang statsallmenning ligg på vestre deler av Hardangervidda. Det meste av arealet ligg i Hardangervidda nasjonalpark. Dei mest vanlege innfartsårene er Valldalen og Haukeliseter i sør (frå E134), og Tinnhølen i nord (frå Rv. 7).

Kartbladet "Hardangervidda Vest" i M1:100 000 viser det meste av området med vegar og turstiar.



Rapportar og faktaark om aurebestandane i Ullensvang statsallmenning